På Dalestølen disponerer laget ei hytte. Den ligg vakkert til i Dalefjellet ovenafor Dale. Lettaste måte å koma opp til hytta på er å følgja T-merka sti frå Dale ved Skytterplassen/Lakshølen. Stien er merka heilt fram til Høgabu men går forbi Dalestølen. Normal gangtid opp til Dalestølen er ca. 2 timar. Hytta er eit godt utgangspunkt for turar, jakt, fiske i området. Hytta har god "stølsstandard", har ikkje innlagt vatn.Talet på sengeplassar er 4, ta med sovepose. Oppvarming er vedovn og koking er primus. Primusen vil verta skifta ut med gass med det første. Å låne hytta er gartis for medlemar av DJF. For ikkje medlemar kostar det kr 25,- pr. person pr. natt. Nøklane kan kvitterast ut hos Dale Trafikksenter.
Har du spørsmål om Dalestølen kan du ta kontakt med Hyttenemnda ved:
Terje Danielsen Kvamme telefon 56 59 51 59
|