14.08.09 - Ny heimeside for Dale Jakt og Fiskarlag
www.njff.no/dale
09.07.09 - Fisketida 2009
Fisketida for 2009 er som fylgjer: 1. juli til 1. oktober for sjøaure og oppdrettslaks
For villaks 1. juli til 15. september. Villaksen i Kanalhølen er freda ut juli månad, sjå oppslag ved hølen. Dette gjeld inn til vidare, ny vurdering vil verta gjort før 1. august. Fisketida for villaksen kan verta endra dersom oppgangen av vert dårleg. Vi gjer merksam på at Fagrådet kan koma til å setja i verk tiltak på kort varsel dersom dette er naudsynt av omsyn til fiskestamma i Daleelva, for eksempel endring av fisketida, skjerming av vedifull gytefisk mot fangst.
Desinfeksjon.
Det er innført påbod om desinfeksjon av fiskeutstyr som er brukt i andre vassdrag. Utstyr og rettleiing finnes ved Dale klekkeri.
Skjellprøvetaking.
Det er innført påbod om skjellprøvetaking av laks og sjøaure over 1,0 kg.
Skjellprøvar skal takast på sida av fisken, mellom ryggfinne og fettfinne. Skrap først av slimet med ein rein kniv, tørk kniven igjen og risp så med knivbladet i retning framover på fisken. Få med mange skjell, minst 20 stk. Stikk knivbladet ned i skjellkonvolutten, knip konvolutten fast til kniven og dra kniven ut. Fyll så ut rubrikkane på konvolutten, og husk at lengda på fisken er det viktigaste. Mål fisken frå snute til spissen på sporen når den ligg natuleg.
Du vil finna ytterlegare infromasjon (med illustrasjonar) om korleis skjellprøvetakinga skal gjerast ved kvar fiskesone.
Informasjon om merka fisk.
1000 sjøaurar har blitt calinmerka, sjå bilda nedanfor.
Dei som får merka sjøaure under 35 cm, oppmodar vi å lesa av nummeret og lengd og oversende det til DJF på vår adresse eller via e-post: djf@djf.no
Skitt fiske!
26.03.09 - Jegerprøvekurs
Dale Jakt og Fiskarlag held 30 timars jegerprøvekurs på Dale Vaksdal kommune.
Ta kontakt på mobil 91118143 Harald Lungmo.
Oppstart 16. april 2009.
Kursdagar vert tysdag og torsdag kl.18-21.
Mvh Jaktutvalet
29.09.08 - Oppsumering frå Open fiskedag i Daleelva laurdag 6/9-08.
Deltakarar: Totalt 55 likt fordelt på born og vaksne.
Fangst totalt: 4 smålaks og 5 sjøaurar.
Fangst junior:
Erlend Hermanrud: sjøaure 0,60 kg
Fangst vaksne:
Monika Bruvik: laks 4,8 kg
Ole Hermanrud: laks 2,64 kg + sjøaurar 0,47 kg (merka) + 0,44 kg = totalt 3,55 kg
Thomas Breivik sjøaure 0,69 kg
Stein Erik Berg: sjøaure 0,35 kg
Utanom konkurransen:
Kenneth Bruvik: laks 8,6 kg + laks 1.02 kg (merka)
Begge fiskane vart levert inn som stamfisk. Den største laksen var ein holaks, den innheld mykje verdifyll rogn av Dalelaks stamma.
God deltaking, det vil sei dobbelt så mange som i fjor.
Tilreisande fra Fiskeklubben og andre utanfrå kommunen utgjorde fleirtalet.
Fangsten var bra, ein fisk meir enn i 2007.
03.09.08 - OPEN FISKEDAG I DALEELVA.
Laurdag 6. september 2008 vert det open fiskedag i Daleelva. Fiske er gratis, gjeld heile elva og er ope for alle.
Påmelding og utlevering av fiskereglar vil skje frå kl. 1200 og utover ved Dale Klekkeri. Fiske varer fram til kl 1700. Mange premiar for fangst, både for barn og vaksne. Husk at alle som er over 16 år, må ha løyst fisketrygdavgift.
Husk redningsvest!
Sal av kaffi, brus, pølser og vafler.
Vel møtt til ein triveleg dag ved elvakanten.
Dale Jakt og Fiskarlag
08.08.08 FREDNING AV VILLAKSEN
Fredning av villaksen i Kanalhølen frå og med 12/8-08. Villaksen kan leverast inn i klekkeriet på baksida gjennom stamfiskluka.
Grunngjeving:
1. Det hopar seg opp med laks i endehølen.
2. Vi vil ytterlegare sikra villaksstamma i Daleelva.
3. Vi vil oppmoda fiskarane til å overføre villaksen til stamfiskbassenget då veg til klekkeriet kort.
Skitt fiske!
03.07.08 Fiskestart i Daleelva.
No er vi i gang. Første døgnet vart det tatt 5 laksar og 4 sjøauarar.
Laksane var vore mellom 2 - 5 kg og i god kondisjon. Starten har vore mykje betre enn i fjor, måtte dette berre fortsetja.
Elva har hatt stor vassføring og er litt kaldt.
|
|
Foto Inge Sandven |
27.05.08 - Bildegalleri.
Bildearkivet er for tida ute av drift. Vi arbdeider med eit nytt bildearkiv som vel vera ferdig i løpet av juni 2008.
03.09.07 - Oppsumering frå open fiskedag i Daleelva laurdag 1/9-07.
Deltakarar: Totalt 25 likt fordelt på born og vaksne.
Fangst totalt: 2 smålaks og 6 sjøaurar.
Fangst junior:
Even Tveiterås: sjøaure 1,0 + 0,47 + 0,42 = toatalt 1,89 kg
Sondre Wiers: oppdrettslaks 1,45 kg
Fangst vaksne:
Tommas Breivik: villaks 1,2 kg (fettfinneklipt, innlevert til stamfisk)
Idar Tveiterås: sjøaure 1,0 kg
Frode Brattebø: sjøaure 0,58 kg
Stein Erik Berg: sjøaure 0,3 kg
Liten deltaking på grunn av dårleg ver, mykje regn.
Fangsten var bra, dobbel så mange fisk i høve til 2006!
15.08.07 - Fredning av villaksen.
Fredning av villaksen i Daleelva vil vara ut sesongen 2007.
Situasjonen har ikkje betre seg sidan sist Fagrådet føretok vurdering, derfor er fredninga forlenga ut sesongen.
Det er til no fanga 14 ville stamlaksar med ei vektfordeling mellom 1,2 - 13,0 kg.
Vi håpar å kunne dobla talet i løpet av restsesongen.
Fagrådet for Daleelva
ved Inge Sandven
14.07.07 - Fredning av villaksen i Daleelva.
Daleelva har hatt god vassføring i sommar. Oppgangen av laks har vore overvaka frå og med juni og framover. God vassføring til tross, er det observert lite laks i forhold til kva som har vore normalt tidlegare.
Dette tyder på ein svak årgang og Fagrådet har derfor gått til det skittet å freda villaksen inntil vidare.
Det er vårt håp at dette vil vera med å sikra nok stamlaks for 2007.
For Fagrådet i DaleelvaInge Sandven
11.07.07 - VIKTIG.
All villaks i Daleelva er freda frå og med fredag 13/7-07 og skal setjast tilbake i elva.
Det er forbud mot bruk av klepp.
Forskjell på oppdrettslaks og villaks.
Kjennetegn på oppdrettslaks: Avrunda halefinne, slitt ryggfinne, korte brystfinner, avkorta gjellelokk. NB! Ta skjellprøvar, vekt og lengd av oppdrettslaksen.
|
Kjennetegn på villaks: Spissere halefinne. OBS. Villaksen i Daleelva kan vera fettfinneklipt.
|
|
Ny vurdering vil verta gjort medio august 2007.
Fagrådet for Daleelva 10/7-07
I.Sandven |
|
09.07.07 - Endelig kom laksen.
Endeleg kom laksen på land. 2 flotte laksar på 8,8 og 8,9 kg.
|
|
Foto T. Wieres |
09.07.07 - Fiskestart i Daleelva.
Starten har vore god når det gjeld sjøaure med 7 stk over 1 kg første døgnet. Laksen har vore mangelvare med berre 2 stk tert så langt. Vassføringa har vore god og vi håpar på at snart kjem 1. laksen på land.
|
Foto Arne R. Sandven |
16.05.07 - Overvaking av smoltutgangen.
Overvaking av smoltutgangen frå Daleelva vert no gjort via video. Føremålet er å sjå om det er samsvar mellom smoltfelle fangsten og det som vert registrert via videofilmingen.
Prosjektet er eit samarbeid melleom NINA, DN, regulantar med fleire.
|
Foto Arne R. Sandven |
12.09.06 - OPEN FISKEDAG I DALEELVA.
Laurdag 16. september 2006 vert det open fiskedag i Daleelva. Fiske etter laks og sjøaure vert gratis og ope for alle.
Påmelding og utlevering av fiskereglar vil skje frå kl. 1200 og utover ved Dale Klekkeri. Fiske varer fram til kl 1800. Mange premiar for fangst, både for barn og vaksne. Husk at alle som er over 16 år, må løysa fisketrygdavgift.
Husk redningsvest!
Sal av kaffi, brus, pølser og vafler.
Vel møtt!
Dale Jakt og Fiskarlag
20.06.2006 - Ny fiskebu i Båthølen
Ein ivrig dugnadsgjeng er i ferd med å setta opp ei ny, flott fiskebu i Båthølen. Bua er forma som ein gapahuk med
torvtak, tømmerveggar og skifer. Det er god plass inne med benkar der ein kan sitja eller leggja seg nedpå, og fin
uteplass med grill. Den som har kort i Båthølen, kan fritt bruka bua. Laget oppfordrar alle til å halda det fint og ryddigt
i og rundt gapahuken.
20.06.2006 - Reperasjon av tersklar
Etter et år med sørgelege hendingar i Daleelva, med turrlegging, utslepp frå fabrikken og storflaum, er det skader etter
flaumen fiskarane vil leggja merke til. Så å sei heile elva er meir eller mindre påverka etter flaumen. Botnen er endret,
tersklane er borte, hølar er forandra. I desse dagar er BKK i ferd med å reparere nokre av skadane, blant anna i Hagahølen.
Det vidare arbeidet med å reparere skadane i andre deler av elva, vil verta gjort i samarbeid med NVE og er planlagt neste år.
20.06.2006 - Vaksdal kommune gav kultuprisen for 2006 til Inge Sandven DJF.
Prisen vart delt på Dale dagane 9/6-06 ved ordførar Øyvind Olsnes.
Ei av grunngjevingane var:
"Me har valt å gje prosen til ein person som har vore engasjert og lagt ned fleire tusen timar med dugnadsinnsats. Det arbeidet har gjeve resultat som har vekt merksemd og interesse i faglege miljø langt utafor kommunen sine grenser"
Prisen bestod i akvarell laga av Charles Lunde og kr. 5000,-
|
Foto: Magne Solhaug, VaksdalPosten |
22.11.2005 - Hjortejakta på dalegården:
Det har vore god jakt på Dalegården også i år. Det er sett og skote mykje hjort. Totalt 11 dyr fordelt på 3 bukkar,4 koller og 4 kalver.
|
|
Foto Harald Lyngmo |
22.11.2005 - Flaumen:
"Bilete frå flaumen mandag 14/11-05. Det er utruleg at Revebrua står. Totalt var det ca. 300kbm/sek ved utløpet til Dalevågen.
Foto: Ole Andreas Dale.
14.09.2005 - Utslepp i Daleelva:
Hendingane i august og september 2005 har vore øydeleggjande for yngelproduksjonen i Daleelva. Det starta 15. august med utslepp av fargevatn på Sandflaten. Det vart påvist lekkasje på røra som fører prosessvatn frå Dale AS til kommunalt avløpssystem.
23. august føretok BKK vedlikehaldsarbeid på Storefossen som resultatet i at vassføringa gjekk under minstevassføringa på 3 kbm/s og yngel stranda.
5. september kom det nytt utslepp frå Dale AS som førte til omfattande yngeldød frå Sandflaten og nedover. Som ikke dette var nok kom det ennå et utslepp på same staden 8. september som varte i fleire timar. Då var det ikke meir yngel å ta live av i dette området.
Fagrådet og styret i Dale Jakt og Fiskarlag set som krav slike episodar ikkje gjentek seg, og at vi får hjelp frå selskapa til å byggja opp igjen stamma i det gjeldane området.
05.09.2005 - Oppsumering fra open fiskedag:
Oppsumering frå open fiskedag i Daleelva laurdag 3/9-05.
Deltakarar: Totalt 102, likt fordelt på born og vaksne.
Fangst totalt: 2 laksar og 11 sjøaurar.
Fangst junior:
Sondre Wiers: sjøaure 1,15 + 0,65 + 0,61 + 0,59 = 3,00 kg
Even Tveiterås: sjøaure 0,48 kg
Tom Kevin Roman: sjøaure 0,38 kg
Fangst vaksne:
Øystein Sellevold: laks 14,35 kg
Geir Ulvesteh: laks 6,92 kg
Arvid Sellevold: sjøaure 1,29 kg
Øyvind Bakke: sjøaure 0,69 + 0,5 kg
Severin Lavik: sjøaure 0,72 kg
Marius Hope: sjøaure 0,71 kg
Laksen er den største som er teken i elva i år, og den største som er teken på mange år.
Begge laksane var fettfinneklipt og stammar enten frå klekkeriet eller frå smoltfella.
Veret var lettskya og vassføringa fin.
DJF er godt nøgd med tilstellinga.
Vi ynskjer vel møtt neste år.
I.Sandven
Form.
31.08.2005 -
Open fiskedag i daleelva:
Laurdag 3. september vert det open fiskedag i Daleelva. Fiske etter laks og sjøaure vert gratis og ope for alle.
Påmelding og utlevering av fiskereglar vil skje frå kl. 1200 og utover ved Dale Klekkeri. Fiske varer fram til kl 1800. Mange premiar for fangst, både for barn og vaksne. Husk at alle som er over 16 år, må løysa fisketrygdavgift.
Husk redningsvest!
Sal av kaffi, brus, pølser og vafler.
Vel møtt!
Dale Jakt og Fiskarlag
|
|
God oppslutning om Open Fiskedag.
Foto Ole Rugeldal Sandven
|
Storlaks på 14,35 kg tatt av Øystein Sellevold Foto Ole Rugeldal Sandven |
11.08.2005 - Storlaks:
Storlaks teken i Daleelva av Benjamin Sellevold 13 år måndag 8/8-05, vekta stoppa på 12,5 kg.
Foto Arne R.Sandven
03.07.2005 - Fiske starta i Daleelva:
Fredag 1. juli 2005 starta fiske i Daleelva. Det vart teke 7 laksar og 3 sjøaurar første døgnet. Dette er det beste åpningsfiske på mange år. Nedanfor ser vi 2 fornøgde fiskarar Arvid og Øystein Sellevold.
Foto: Reidar Takvam.
Stamfiske i juni 2005 har vore oppløftande. Bilde viser ein holaks på 11,5 kg som vil gje mykje rogn i haust.
Foto Arne R. Sandven
01.05.2005 - Ny sesong nærmar seg:
Ein ny sesong nærmare seg og fiskefeberen er aukande. At ein ny generasjon er på veg ut i havet viser smoltfelle fangsten i Daleelva. 30/4-05 vart det fanga 92 stk smolt av god kvalitet.
|
|
Foto Arne R. Sandven |
13.12.2004 - Fangst statistikk:
Fangst statistikken for elvefiske i Hordaland viser ein nedgang på ca. 40 % i 2004. Dei beste sjøaure og lakseelvane i Hordaland er:
1. Etne elva med totalt 2370 kg
2. Daleelva med totalt 1077 kg
3. Oselvo med totalt 830 kg
4. Loneelva med totalt 781 kg
5. Storelva Arna totalt 737 kg
Daleelva held stand som den nest beste sjøaure og lakselva i Hordaland. For meir detaljer sjå fangst statistikken.
07.11.2004 - Mykje fin stamlaks:
|
|
"Mykje fin stamlaks i år. Strykinga er i full gang."
Foto "A.R. Sandven" |
09.09.2004 -Oppsumering frå open fiskedag i Daleelva laurdag 4/9-04:
Deltakarar: Totalt 115 likt fordelt på vaksne og born.
Fangst toatlt: 0 laksar, 27 sjøaurar og 1 regnbogeaure.
Fangst junior:
Lars Bakke: sjøaure 0,74 + 0,78 + 0,47 = 1,99 kg
Maks Berge: sjøaure 0,70 kg
Erlend Haukeland: sjøaure 0,63 kg
Even Tveiterås: sjøaure 0,55 kg
Lars Indrebø: sjøaure 0,53 kg
Emilie Langeland: sjøaure 0,30 kg
Fangst vaksne:
Øyvind Bakke : sjøaure 0,75 + 0,48 + 0,45 + 0,75 + 0,72 + 0,51 + 1,04 = 4,70 kg
Idar Tveiterås: sjøaure 1,39 + 0,94 + 0,49 = 2,82 kg
Arne R. Sandven: sjøaure 0,67 + 0,77 = 1,44 kg
Ronny Langeland: sjøaure 0,59 + 0,75 = 1,34 kg
Stig Rogne: sjøaure 0,59 + 0,66 1,25 kg
Lucas Gerritsen: regnbogaure 0,87 kg
Sverre Inge Slen: sjøaure 0,85 kg
Roger Bruvik: sjøaure 0,75 kg
Frank Nilsen: sjøaure 0,65 kg
Overskyva ver gav godt fiskebet, noko sjøaure fangstane viser.
Sjølv om det ikkje vart laks er vi godt nøygd med tilstellinga.
Under stamfiske same dag vart det fanga 26 vill laksar, den største 10 kg.
Desse vart fanga i kraftstasjoen sitt utløp og skal brukast i avlsarbeidet.
Vi takk BKK for fin vassføring, til alle som deltok og ynskjer vel møtt neste år.
I.Sandven
Form.
09.09.2004 - Resultatliste:
Vaksdal mesterskap i leirdueskyting i Nordalen, 31.08. 2004.
Juniorklasse:
1.Mads Ulveseth 17duer
2.Kristian Fossmark 12 duer
3.Andreas Oppedal 8 duer
Seniorklasse 1. Tommy Tveiterås 21 duer
2. David Ulveseth 19 duer
3. Ole J. Fossmark 18 duer
4. Trond E. Faugstad 17 duer
5. Kåre Ulveseth 17 duer
6. Geir Magne Ulveseth 16 duer
7. Terje D. Kvamme 16 duer
8. Magnar Oppedal 15 duer
9. Magne Terjesen 15 duer
10. Idar Tveiterås 15 duer
11. Frode K. Eliassen 14 duer
12 Gerry Lian 12 duer
13 Øystein Jakobsen 10 duer
14 Jan Søvik 7 duer
15 Charles Ulevik 2 duer
25.08.2004 - Åpen fiskedag i Daleelva
Dale Jakt & Fiskarlag arrangerer laurdag 4.
september åpen fiskedag i Daleelva på Dale i Vaksdal kommune. Fiske etter
laks og sjøaure er gratis, og åpen for alle. Påmelding og utlevering av
fiskereglar blir ved Dale klekkeri som ligg like ved kraftstasjonen på
Dale, og skjer fra kl. 12.00. Det er premiering av største fangst både for
barn og vaksne. Husk at alle som er over 16 år må ha betalt statens
fisketrygdavgift. Det er viktig at dere husker å ta med dere redningsvest og
fiskeutstyr, og helst litt solid fiskeutstyr som passer til laksefiske.
Fiskeklubben vil ha med litt ekstra fiskeutstyr og redningsvester til
utlån. Siste frist for veiing av fangst er kl. 18.
Vel møtt og skitt fiske.
02.07.2004 - Fiskesesongen starta i Daleelva.
Fiskesesongen starta i Daleelva 1/7. Vassføring var og er framleis låg, det vil
sei minstevassføring. Tru på fiske var derfor ikkje så stor. Ventetid har vore lang og
fiskelysta stor og alle kort var utseld første dagen.
Første døgnet vart det teke 3 små laksar og 1 sjøaure, dette er ikkje dårleg når
ein tenkjer den låge vassføringa.
Laks som var oppe og viste seg før fiske starta.
Foto Reidar Takvam.
01.07.2004 - Den første stamlaksen er teken.
Den første stamlaksen er teken i Daleelva laurdag 26/6-04. Ein ekte Dalelaks hann på 6,8 kg
og 90 cm
"Fiskar Åsmund Karlsen, håvar Inge Sandven
"Hordaland, Foto Reidar Takvam"
23.06.2004 -
LAKSESLEPP PÅ DALE.
Laurdag 3. juli 2004 vert det aktivitet i gato på Dale.
Utstillarar:
Hallgeir Neset
Asle Kvamme
Dale Jakt og Fiskarlag
Bergen Aktiv
Sportsdepoet
Marinor
Aktivitet i gato frå kl 1000 til 1700.
Dans om kvelden med Jørn Flugs
Vel møtt.
05.06.04 -
God omtale:
Daleelva har fått god omtale i brosjyra Fiskeavgift 2004 frå Direktoratet for naturforvaltning.
Last ned artikkelen her [pdf-format].
20.04.04 - Smoltfelle i Daleelva.
Smoltfelle vart teken i bruk fredag 16/4-04. På 3 dagar vart det fanga
over 100 utvandrande sjøaure smolt. Dette er meir enn vi hadde venta.
Det skal verta spennande å sjå kor mykje smolt som vandrar ut frå restvasstilsiget
framover. Sjå ellers informasjon nedanfor datert 15.02.04.
22.03.04 - Jegerprøven.
I veke 16 vil vi i regi av DJF starta 30 timars jegerprøvekurs på Dale Ungdomsskule.
Eksamen i mai.
Kursavgift 1200kr + eksamensavgift.
Minimum 8 deltakarar.
Kontaktpersonar: Truls Langhelle 56597410/95244926 eller Harald Lyngmo 56596517/91118143.
PÅMELDINGSFRIST: 2 APRIL.
04.03.04 - Hjortejakt på dalegården.
Dale Jakt og Fiskarlag er med på hjortejakta på Dalegården. Jaktlaget hadde ei vellykka jakt hausten 2003. Fyrste helga vart det felt ei kolle. Då jegeren ikkje fann kolla, tilkalla han ettersøkshund. Etter 10 min. fant hunden kolla. Bildet viser nøgd jeger, hund og hundeførar.
15.02.04 - Smoltfelle i Daleelva.
Dale Jakt og Fiskarlag er i ferd med å montera ei permanent smoltfelle i restvasstilsiget til Daleelva. Føremålet med ei slik felle er:
-
Gje moglegheit for å estimera smoltproduksjonen av laks og sjøaure i restvasstilsiget.
-
Sjå på sjøoverleving kontra smoltproduksjon i elva (luseproblematikken).
-
Kva påverknad har ulike tiltak oppstrøms fella.
- Kva påverknad har endring av vassføringa.
-
Vasskvalitet – forureining frå fabrikkområdet og Dale tettstad.
-
Måling av utsettingssuksess av settefisk.
-
Effekt av biotopjusteringar.
-
Effekt av utlegging av gytegrus.
-
Effekt av rognplanting.
-
Kontroll av oppvandrande merka fisk.
Vi vil takka alle som har vore med å gjeve tilskot til smoltfella: BKK, Mysterfondet, Dale AS, Havforskningsinstituttet og Zoologisk institutt (UiB) Smoltfell vil verta plassert ved terskelen som vist på bildet.
|