Navigasjon:
Info
Om DJF
Nytt fra Fagrådet
Dalevågen
Leirduebana
Dalestølen
Fiske i Daleelva
Fangststatestikk
Fangstmelding
Infoarkiv
Bildearkiv
www.vikinghuset.no

Kontakt:
Dale Jakt og Fiskarlag
P.B 30
5721 Dalekvam

Org.nr: 981 091 736

E-Post: djf@djf.no
Nytt fra Fagrådet:

Gytefisk i Daleelva 2003 - 2006.

År:       Laks over 3kg totalt:    Tal på ho laks:    Liter svella rogn pr. fisk:
2003    173                            87                      1,21
2004    75                              38                      1,44
2005    72                              36                      1,65                      
2006    107                            54                      1,21



År:       Total rognmengde (arvemateriale):    Rogn pr. liter:    Rognkorn tilført Daleelva:
2003    105                                                6000                 631620
2004    55                                                  6000                 328220
2005    59                                                  6000                 356400                   
2006    65                                                  6000                 392040

Kommentarer:
- Det er tatt utgangspunkt i laks over 3 kg (mellom- og stor laks). Dette fordi det ikkje er stroke laks   under 3 kg.
- Mellom- og storlaks er det som gir størst rognmengde.
- Liter rogn pr. fisk er utregna fra strykinga om hausten og er sett på som eit gjennomsnitt for året.
- Rognkorn pr. liter er utregna som gjennomsnitt for laksestamma.
- I 2003 fant Rådgivende biologer mykje oppdrettslaks i fangsten ca. 30 %, noko som kan forklara det   høge talet.
- Historisk sett og tatt i betrakning at Daleelva er strekt regulert, er Fagrådet si vurdering at   aksestamme er tilfredsstillande.
- Det vert arbeid systematisk for å ytterlegare å bedre stamma, spesielt er det satsa på rognutlegg   ovanfor anadrom del for å auka opvekst områda.

2 desember 06
Inge Sandven.
sekr.

Revisjon av driftsplanen for Daleelva.

Fagrådet for Daleelva har hatt 3 møter og 2 synfaringar i løpet av året. I tillegg har vi hatt 2 fellesmøter med Fylkesmannen miljøvernavd., BKK, Dale AS, Havforskingsinstituttet og Vaksdal kommune. Vi vil her gje ei kort oppsummering av aktiviten i 2003.

Vidareføring av driftsplanen i nye 5 år.
I løpet av vinteren 2003 er det laga ein ny 5 årig driftsplan (2003-2007). Noko er ført vidare frå den forrige driftsplanen og noko er heilt nytt. Planen inneheld i alt 42 tiltak. Målsetttinga når det gjeld årlege fangstar, er justert opp til ca. 600 1100 kg. Tiltaka i planen er fokusert mot biologiske undersøkingar som vil gje svar på ei rekke spørsmål, slik at kultiveringsarbeidet kan verta btre. I tillegg må ein del hølar renskast opp for massar slik at fisken finn betre gøymeplassar. Innsamling og oppbevaring av stamfisk skal betrast. For å sikra fiskestamma.

Fangsten i Daleelva.
2003 har vore eit bra år og fangsten i Daleelva har vore det beste som er registrert noko sinne. Arbeidet som noe er lagt ned gjennom fleire år, viser no resultat. Totalt har det vore fangsta 1958 kg fisk fordelt på 848 stk sjøaure og 362 stk laks. Heile 165 laks har har vore merka fra Dale klekkeri. Desse var fettfinneklipt og snutemerket. Avlesingen er gjort av Havforskingsinstituttet ved Ove Skilbrei. Oppdrettsandelen blant mellomlaksen er framleis høg og ligg på i overkant av 40 %. Tal på fiskekort som er kome er retur ligg på 85 %. Fangstutvikling frå 1990 og til 2003 er lagt ved.

Teljing av gytefisk (tiltak 5.39).
Gytefiskteljing av gjort over 2 dager i haust. Tala viser 324 stk laks og 1726 stk sjøaurar. Det er ikke problemer med å få tak i rogn til klekkeriet.

Forureining i Daleelva.
For eit år sida vart det laga ein beredskapsplan der vi blant anna oppmoda alle til å gi oss beskjed om utslepp i Daleelva. Dessverre har vi registret 3 ukontrollerte utslepp i Daleelva. To av desse utsleppa har forårsaka fiskedød. I juni 2003 vart det påvist utslepp på Sandflaten. Vi har ikke funne ut kor dette kom frå. I august vart det oppdaga lekkasje frå den kommunale avløpsledning øverst på Geitabakken. DJF tok 2 vassprøvar og pH verdien viste 11,8 og 12,1, all yngel var borte frå området. Vaksdal kommune vart varsla omgåande. Fagrådet er svært skuffa over at kommunen brukte lang tid på å tetta lekkasjen. Miljøvernavdelinga i fylket måtte purra på saka. 23. oktober vart det under yngelteljing langs Dale AS funne mykje død yngel og ca. 55 gytefisk som hadde heilt eller delvis kvite auger. Dale AS vart varsla og årsaka ser ut ttil å vera ammoniakk utslepp. Fabrikken har teke tak i sak på ein god måte og sette i gang tiltak straks.

Smoltfelle (tiltak 5.29).
Det vert no arbeida med ei permanent smoltfelle i restvasstilsiget. Den er teikna av Direktoratet for Naturforvaltning og kostnaden er utrekna til kr. 125.000 + mva. Med eit spleislag fra offentleg forvaltning , forskingsmiljø og regulanten håper vi at dette skal gå i orden.

Dalebrua (tiltak 5.3).
Fagrådet og DJF er svært glade for at Dalebrua no er på plass. I tillegg at deler av brukaret fekk stå att, slik at dette vart ein god fiskeplass.

Tilrettelegging for fiske til funksjonshemma (tiltak 5.4).
Det er lagt tilrett for fiske på Tippen ved elvosen. Det står att litt arbeid som bord, benkar og oppslagtavle. Dette håpar vi å få på plass neste år.

Open fiskedag (tiltak 5.41).
Open fiskedag vart gjennomført for 7. gong 6/9-03 med rekord stor deltaking. 136 personar Totalt vart det landa 11 fiskar, fleire fine laksar. Dette er eit svært populært tiltak for born, ungdom og andre som vil prøva seg.

Med helsing
Fagrådet for Daleelva
Olav H. Dale
Inge Sanden
sekr
 
 
Design by [ Detekt Studios ]