Navigasjon:
Info
Om DJF
Nytt fra Fagrådet
Dalevågen
Leirduebana
Dalestølen
Fiske i Daleelva
Fangststatestikk
Fangstmelding
Infoarkiv
Bildearkiv
www.vikinghuset.no

Kontakt:
Dale Jakt og Fiskarlag
P.B 30
5721 Dalekvam

Org.nr: 981 091 736

E-Post: djf@djf.no
Fiske i Daleelva:
Kart over Daleelva:


SAL AV FISKEKORT I DALEELVA.

Fiskekort i Daleelva vert seld hos Dale Trafikksenter på Dale.

Opningstider:
Måndag-fredag 0700 -- 2300
Laurdag – sundag 0800 -- 2300
(Vi tek atterhald om endringar)

Korttype/ fishing licence: 12 timars kort/ 12 hour
Pris/ price: kr 120,-
Fiskesonar/ fishing pools: 9
Fiskeslag/ type of fish: laks og sjøaure/ salmon and seatrout
Fiskesesong/fishing season: 1.juli –30.september

Råd:
Det er viktig at du merkar deg opningstidene for Dale Trafikksenter, slik at du sikrar deg fiskekort. Vil rå deg til å kjøpa fiskekort i god tid før fiskedagen. Dette fordi det stundom kan vera stor etterspørsel. Det er tillete med 10 dagars framkjøp. Førehandstinging er berre mogleg på mobil 56 59 79 00 (nytt nummer). OBS! korta må hentast same dag innan kl. 1800.

Fiske i Daleelva:
Dalelva er ei regulert elv, og sportsfiskarane må rekna at vassføringa kan variera. Elva har ein lakseførande del på ca. 5 km. Den mest fiskbare delen ligg nedom Dale kraftverk og er ca. 3 km, sjå kart på baksida. Daleelva har ei god stamme av laks og sjøaure. Årlege fangstar varierer mellom 500-1200 kg.

Fiskereglar:
-
Fiskekort gjeld for ei stong i samsvar med angitt tid og stad. Born under 16 år fiskar gratis i fylgje   med vaksen.
- Det er berre tillete å fiska med stong, fluge, sluk og mark, rekefiske er forbode.
- Trakk ikkje på dyrka mark. Fangstoppgåver skal uansett fangst fyllast ut og returnerast til DJF si   adresse eller bruk postkassane som er hengt opp langs elva.

Hugs at personar over 16 år må betala fisketrygd til staten for å kunna fiska etter laks og sjøaure. Innbetalingsblankett får ein på posten.

English summary:
Fishing licence is sold at Dale Trafikksenter, Dale (Camilla's kro). In addition persons older than 16 have to pay national fishing licence (a fee payable to Norwegian Goverment for right to fish, commercially as well as privately for all salmon rivers). You may pay it at the nearest post office. In the Dale river you can only fish wtih one rod at a time. Children younger than 16 are allowed to fish free when following you.. Fly-, spon- and wormfishing are allowed, prawn is prohibited.

 
Design by [ Detekt Studios ]