Navigasjon:
Info
Om DJF
Nytt fra Fagrådet
Dalevågen
Leirduebana
Dalestølen
Fiske i Daleelva
Fangststatestikk
Fangstmelding
Infoarkiv
Bildearkiv
www.vikinghuset.no

Kontakt:
Dale Jakt og Fiskarlag
P.B 30
5721 Dalekvam

Org.nr: 981 091 736

E-Post: djf@djf.no
Infoarkiv:
23.11.03 - Utslepp på Sandflaten.
Fredag 21. november 2003 vart det meldt om utslepp på Sandflaten. Vi såg mykje skumm heilt ned til Dale klekkeri. Vassprøvar er sendt inn til analyse. Vaksdal kommune er varsla om utsleppet. Dette ikkje bra for yngelproduksjonen i området. Vi veit pr. dato ikkje kor skaden er. Vi takkar alle som har gitt DJF beskjed om ukontrollerte utslepp i haust. Fortsett med det, slik at vi kan setja ein stoppar for dette.

27.10.03 - Forureining av Daleelva ser ikkje ut til å ta slutt.
I september 2003 meldte DJF frå til Vaksdal kommune om lekkasje på ledningsnettet ved Geitabakken. pH målingar som vart utført viste 12,1 og 11,8. Fylkesmannen ved Miljøvernavdelinga har purra saken. Det er i skrivande stund ikkje motteke svar fra kommunen.

Under yngelteljing 23. og 24. oktober 2003 vart det funnet død yngel i eit sideløp til Dale fabrikkbygning. Under stamfiskteljing 27. oktober vart det funne gytefisk som heilt eller delvis hadde kvite auge. Utslepp staden er lokalisert og Dale AS har sett i verk tiltak for om mogleg å finna årsaka.

21.09.03 - Fangst i Daleelva.
Fangst i Daleelva. Det går mot rekordfiske i Daleelva i år. Beste registrerte fangst var i 1954 med 1373 kg, dette er no passert. Vi minner om at alle skal levere fangstmelding uansett fisk eller ikkje. Siste frist for innlevering av fangstmelding/fiskekort er sett til 20. oktober 2003.

06.09.03 - Oppsumering frå open fiskedag.

Deltakarar: Totalt 136 likt fordelt på vaksne og born.
Fangst toatlt: 6 laksar og 5 sjøaurar.

Fangst junior:
Sondre Skeie: sjøaure 0,57 kg

Fangts vaksne:
Ronny Langeland: laks 5,24 kg
Jone Dyvik: laks 4,88 kg
Nils Songve: laks 4,15 kg
Rune Birkeland: laks 3,93 kg
Arnfred Sellevold: laks 2,50 kg
Øyvind Bakke: sjøaure 0,71 + 0,84 kg = 1,55 kg
Truls langhelle: sjøaure 1,36 kg
Linda Vabø: sjøaure 0,79 kg

Utanom konkurransen:
Alv Arne Lyse: laks 5,83 kg

2 av laksane var merka og stamma frå Dale klekkeri.
Vi fekk meir laks enn normalt. Oppmøte var godt og rekord oppsluttning.
Takk til alle som deltok.

01.07.03 - Fiskestart.
Daleelva hadde låg vassføring då fiske starta tirsdag 1. juli. Fisk var observert på elva og optimismen var stor. Den første laksen vart landa like over midtnatt av David Ulveseth på Geitabakken, gratulerer. Totalt denne dagen vart det landa 4 laksar og 3 tertar, alle villaks. Største laks på 5,2 kg vart teken vare på som stamfisk.
Bildet viser Inge Sandven sin laks teken kl 0600 om morgonen.

"Fiskar Inge Sandven"
"Hordaland, Foto Reidar Takvam"

"Fiskar David Ulveseth"
"Foto Bjørn Jakobsen"
 
Design by [ Detekt Studios ]