Navigasjon:
Info
Om DJF
Nytt fra Fagrådet
Dalevågen
Leirduebana
Dalestølen
Fiske i Daleelva
Fangststatestikk
Fangstmelding
Infoarkiv
Bildearkiv
www.vikinghuset.no

Kontakt:
Dale Jakt og Fiskarlag
P.B 30
5721 Dalekvam

Org.nr: 981 091 736

E-Post: djf@djf.no
Informasjon - Fisketida 2005:
Informasjon_om_merket_fisk_fra_Daleelva.doc
Fangstregistering av fettfinneklippet laks.doc
Fisketida 2006
Lakselus
Skjellprøvar
Dverghanner i Daleelva

Fisketida i Daleelva for sesongen 2006.
Fisketida for Daleelva vert den same som for 2005, det vil sei laks og sjøaure kan fiskast i tida 1/7 - 30/9.

Lokal fredning.
Fredninga gjeld for utløpet av gamle kraftstasjonen i tunnelmunningen. Fredninga heile fiskesesongen. Dette vert gjort for å sikra tidleg vandrande laks til stamfisk/gytefisk.

Desinfeksjon.
Det er innført påbod om desinfeksjon av fiskeutstyr som er brukt i andre vassdrag. Utstyr og rettleiing finnes ved Dale klekkeri.

Skjellprøvetaking.
Det er innført påbod om skjellprøvetaking av laks og sjøaure over 1,0 kg.
Skjellprøvar skal takast på sida av fisken, mellom ryggfinne og fettfinne. Skrap først av slimet med ein rein kniv, tørk kniven igjen og risp så med knivbladet i retning framover på fisken. Få med mange skjell, minst 20 stk. Stikk knivbladet ned i skjellkonvolutten, knip konvolutten fast til kniven og dra kniven ut. Fyll så ut rubrikkane på konvolutten, og husk at lengda på fisken er det viktigaste. Mål fisken frå snute til spissen på sporen når den ligg natuleg.
Du vil finna ytterlegare infromasjon (med illustrasjonar) om korleis skjellprøvetakinga skal gjerast ved kvar fiskesone.

Fiske i restvasstilsiget.
I i løpet av august skal Dale 1 avviklast. I samband med dette skal vil Dale 1 og Dale 2 stoppast i agust og ca. 4 veker utover. Mistevassføring vil då verta slept frå Storsefoss dammen. Strekninga overfor Dale 1 vil då vert fiskbar. DJF innfører derfor fiskekort – heilårskort med depositum.
Prisane er:
Medlem: kr 150 + 200 i depositum = kr 350,-
Junior: kr 75 + 100 i depositum = kr 175,-
Ikkje medlem: kr 300 + 200 i deposiyum = kr 500,-
Depositum vert betalt ut når heilårskortet vert levert inn.

Informasjon om merka fisk.
1000 sjøaurar har blitt calinmerka, sjå bilda nedanfor.
Dei som får merka sjøaure under 35 cm, oppmodar vi å lesa av nummeret og lengd og oversende det til DJF på vår adresse eller via e-post: djf@djf.no



Skitt fiske!

 
Design by [ Detekt Studios ]