I Daleelva føregår forsøk med behandling mot lakselus. Norsk Institutt for Naturforskning ved Bengt Finstad er ansvarleg for prosjektet.
Lakselus et av vertens slim, skinn og blod og påfører den mekanisk skade. Skadeomganget aukar etter som lusa utviklar seg på fisken og et større antal lus vil kunna påføra fisken alvorlege blødningar. Konsekvensar av dette er osmoregulatoriske problemer, anemi og lekkasje av blodprotein. Infeksjonsforsøk utført på oppdrettssmolt av laks viser at 30 - 35 larver pr. fisk er dødeleg for laksesmolt sjølv før lusa når voksen stadiet.
Sidan 1997 har det føregått forsøk i Daleelva. Smolten har blitt delt i 2 grupper. Ei gruppe er kontrollgruppe og ei gruppe har blitt handsama mot lakselus. Effekten er kjent å vara i 4 veker, slik at fisken ikke får påslag av lakselus på veg ut mot havet.
Vi treng di hjelp!
All smolten har blitt carlinmerka og prosjektet er avhengig av at vi får tilbakemelding i form av tilsendte carlinmerker. Kvart merke vert prisa med kr 30,- og skal sendast saman med opplysningar om art, fiskeplass, lengde , dato, reiskap og skjellprøvar til fylgjande adresse:
Norsk Institutt for Naturforsking v/Merkesentralen, Tungasletta 2, 7005 Trondheim.
Merke kan også leverast inn til Dale Jakt og Fiskarlag, Boks 30, 5721 Dalekvam.
Skjellkonvolutter er hengt opp ved kvar fiskebu og ved Dale klekkeri.
Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med oss via mail.