Styret i DJF vil takka alle som har teke skjellprøvar av laks og sjøaure i Daleelva 2002.
Skjellprøvar gjev oss viktig infomasjon om kor gamal fisken er, for eksempel ved utvandring frå Daleelva, kor stor den har vore i dei ulike vekstfasane og kor lenge fisken har vore i havet.
I 2001 vart det levert inn skjellprøvar av 84 laksar og 119 sjøaurar. Analysane av skjellprøvane er utført av Rågivende Biologer AS i Bergen. Av laksane var 31 (32,8 %) oppdrett. Dette viser at oppdrettsprosenten har gått opp i høve til tidlegare 2000.
Gjennomsnittleg smoltalder og -lengd for villaksane var 2,8 år og 14,6 cm. I materialet var det 8 storlaks (over 7 kg), 17 mellomlaks (3-7 kg) og 20 smålaks (mindre enn 3kg).
Storlaksane (snitt: 92 cm/7,4 kg) var 2- og 3-sjøvinterfisk og 3-sjøvinterfisk hadde vakse i snitt 30, 31 og 18 cm dei 3 første åra i sjø. 2- sjøvinterfisk (snitt: 82 cm/5,3 kg) hadde vakse 30 og 27 cm dei 2 første åra i sjø, medan 1-sjøvinterfisk (snitt: 60 cm/1,9 kg) og hadde vakse 32 cm første året i sjø.
Gjennomsnittleg smoltalder og -lengd for sjøaure var 2,8 år og 15,8 cm. Sjøalderen varierte mellom 2 og 7 somrar (snitt: 3,8), og dei hadde i snitt vakse høvesvis 13, 10 og 5 cm dei 3 første somrane.
Analysane av skjellpørvar som vart samla inn i 2002 er no sendt til analayse og resultata vil verta lagt ut på heimsida så snart dei føreligg.