Fisketida for 2008 er som fylgjer: 1. juli til 1. oktober for sjøaure og oppdrettslaks
For villaks 1. juli til 15. september. Fisketida for villaksen kan verta endra dersom oppgangen av vert dårleg.
Vi gjer merksam på at Fagrådet kan koma til å setja i verk tiltak på kort varsel dersom dette er naudsynt av omsyn til fiskestamma i Daleelva, for eksempel endring av fisketida, skjerming av vedifull gytefisk mot fangst.
Desinfeksjon.
Det er innført påbod om desinfeksjon av fiskeutstyr som er brukt i andre vassdrag. Utstyr og rettleiing finnes ved Dale klekkeri.
Skjellprøvetaking.
Det er innført påbod om skjellprøvetaking av laks og sjøaure over 1,0 kg.
Skjellprøvar skal takast på sida av fisken, mellom ryggfinne og fettfinne. Skrap først av slimet med ein rein kniv, tørk kniven igjen og risp så med knivbladet i retning framover på fisken. Få med mange skjell, minst 20 stk. Stikk knivbladet ned i skjellkonvolutten, knip konvolutten fast til kniven og dra kniven ut. Fyll så ut rubrikkane på konvolutten, og husk at lengda på fisken er det viktigaste. Mål fisken frå snute til spissen på sporen når den ligg natuleg.
Du vil finna ytterlegare infromasjon (med illustrasjonar) om korleis skjellprøvetakinga skal gjerast ved kvar fiskesone.
Informasjon om merka fisk.
1000 sjøaurar har blitt calinmerka, sjå bilda nedanfor.
Dei som får merka sjøaure under 35 cm, oppmodar vi å lesa av nummeret og lengd og oversende det til DJF på vår adresse eller via e-post: djf@djf.no
Skitt fiske!
|